Hopp til hovedinnhold

Utnemningar til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt professor Anne Elisabeth Ljunggren og organist og komponist Kjell Mørk Karlsen til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St Olavs Orden.

25.09.2009

Professor Anne Elisabeth Ljunggren

H.M. Kongen har utnemnt Anne Elisabeth Ljunggren til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for samfunnsinnsatsen hennar innan helse.

Kongen har i vurderinga si lagt stor vekt på Ljunggrens innsats innan fysioterapi, der ho blant anna har utvikla metodar for smertevurdering og kroppsundersøkingar.

Organist og komponist Kjell Mørk Karlsen

H.M. Kongen har utnemnt Kjell Mørk Karlsen til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans som kyrkjemusikar og komponist.

Kongen har i vurderinga si lagt stor vekt på Mørk Karlsens arbeid som organist og komponist av kyrkjemusikk og dessutan den store innsatsen hans som musikkpedagog og korleiar.

Dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement på Askertun i Asker laurdag 3. oktober 2009 klokka 12.00.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter