Hopp til hovedinnhold

Nobels fredspris 2009

Kongeparet og Kronprinsparet var i dag til stades i Oslo Rådhus da H.E. President Barack Obama vart tildelt Nobels fredspris for 2009.

10.12.2009

Den amerikanske presidenten får prisen for den ekstraordinære innsatsen sin for å styrkje internasjonalt diplomati og mellomfolkeleg samarbeid. Den norske nobelkomité har lagt spesiell vekt på Obamas visjon om og arbeid for ei verd utan atomvåpen.

I grunngjevinga frå komiteen heiter det vidare:

”Det er sjelden at en person i den grad som Obama har fanget verdens oppmerksomhet og tent et håp blant verdens folk om en bedre framtid.”

Prisutdeling

President Barack Obama heldt ein 35 minutt lang tale under den høgtidelege seremonien i Oslo Rådhus. Nær 1000 personer var til stades da Nobels fredspris vart delt ut for 108. gong.

Den norske operasongarinna Solveig Kringlebotn og pianist Håvard Gimse opptredde under utdelingsseremonien. Det same gjorde to av årets nobelartistar, jazzartisten Esperanza Spalding og den kinesiske meisterpianisten Lang Lang.

Audiens

Tidlegare i dag var presidenten og førstedame Michelle Obama i audiens på Slottet. Presidentparet vart mottekne av Kong Harald og Dronning Sonja i Fugleværelset og følgd til Kongens kontor. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit var òg til stades.

Redd Barnas fredsprisfest

4000 barn var samla på Rådhusplassen i Oslo i føremiddag i høve Redd Barnas fredsprisfest. Kronprinsesse Mette-Marit tende ein fredsflamme på scenen saman med 12 år gamle Margrete frå Karuss skole i Kristiansand.

Nobelbankett på Grand

I kveld vil Kongen og Dronninga delta på ein bankett i Speilen på Grand Hotel i høve utdelinga av Nobels fredspris. 250 gjester er inviterte, og Kronprinsparet vil òg vere til stades.

I morgon er Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit til stades i Oslo Spektrum på den tradisjonelle fredspriskonserten. Konserten blir arrangert kvart år som ein musikalsk hyllest til årets prisvinnar. Artistar frå heile verda deltek. Will Smith og Jada Pinkett Smith skal leie konserten.

Kong Harald, Dronning Sonja og Kronprinsparet ønsker President Barack Obama og Michelle Obama velkommen i Fugleværelset på Det kongelige slott i anledning Fredsprisen 2009. (Foto: Heidi Røsok-Dahl, Scanpix)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook