Hopp til hovedinnhold

NHOs årskonferanse

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa var begge til stades da NHO heldt den årlege konferansen sin i Den norske opera torsdag. "Smartere vekst" var tittel og overordna tema for konferansen.

08.01.2010

Konferansen diskuterte korleis styresmakter og næringsliv saman kan skape føresetnader for morgondagens arbeidsplassar, vidareutvikle velferdssamfunnet og vere med på å løyse globale utfordringar - blant anna gjennom utvikling av ny teknologi.

Foredragshaldarane

NHOs president Paul-Chr. Rieber opna konferansen og gav ordet til foredragshaldarane. Statsminister Jens Stoltenberg, sjefredaktør i The Economist John Micklethwait, Statistisk sentralbyrås Erling Røed Larsen og administrerande direktør i tenkjetanken The Lisbon Council Ann Mettler var blant dei som heldt innlegg på konferansen.

(Kjelde: NHO.no)

Desse og dei andre innlegga er tilgjengelege som video på nettsidene til konferansen - lenkja opp til høgre.

Kronprinsparet var òg til stades under middagen som avslutta konferansen.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook