Hopp til hovedinnhold

Utnemning til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt Sven Ivar Dysthe, Rykkinn, til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans som industridesignar.

13.01.2010

Kongen har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på Dysthes pionerinnsats når det gjeld bruk av lamineringsteknikken og dessutan evna hans til å finne enkle løysingar og skape funksjonelle produkt.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved ei markering i Norsk design- og arkitektursenter onsdag 20. januar 2010 klokka 17: 00.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter