Munch i Danmark
Utstillinga utforskar kva Danmark hadde å seie for Munchs kunstnariske utvikling. I København knytte han band til danske kunstnarar og diktarar, og gjennom den danske kona til Paul Gauguin, Mette Gauguin, vart han kjend med blant anna Gauguins kunst. Diktarane Emanuel Goldstein og Helge Rode var viktige for den påverknaden impresjonismen og symbolismen fekk på Munchs kunst i 1890-åra.
Utstillinga vekte stor interesse da ho vart vist i Ordrupgaard utanfor København hausten 2009. Dronning Sonja var beskyttar for utstillinga i Danmark og har òg skrive føreordet i utstillingskatalogen.
Opninga
Utstillinga vart opna av ordføraren i Oslo, Fabian Stang, og det var musikalske innslag frå Oslo strykekvartett. Etter opninga fekk Dronninga ei omvising i salane der det hovudsakleg blir vist måleri frå utstillinga på Ordruupgaard. Men òg enkelte av Munch-museets eigne bilete blir stilte ut.
Det er den austerrikske Munch-eksperten Dieter Buchhart som er kurator for utstillinga, i samarbeid med Munch-museet. I tillegg til bilete frå museets eiga samling viser utstillinga Munch-verk som er lånte inn frå andre samlingar i inn- og utland. Dette er òg eit høve til å sjå måleri av Paul Gauguin og dei franske impresjonistane Camille Pissaro, Claude Monet og Berthe Morisot frå Ordrupgaards samling.
Aktuelle saker
Tilbake på Berkeley
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen begynte andre dag av besøket til USAs vestkyst på sitt gamle universitet, UC Berkeley. Det ble også anledning til å besøke San Quentin rehabiliteringssenter, der et nytt program er inspirert av norsk kriminalomsorg.
B-VM i paraishockey i Skien
Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit fulgte det norske landslaget i paraishockey til en komfortabel 18-0-seier over Storbritannia på hjemmebane tirsdag kveld.