Hopp til hovedinnhold

Skidag på Hvalstad

H.K.H. Kronprinsessa bidrog som skiinstruktør da ho besøkte skikurset Hvalstad mottakssenter heldt for unge asylsøkjarar søndag. Det var organisasjonen CHANGEweNEED som hadde teke initiativet til skidagen.
01.02.2010

Gjennom ein dag med aking, ski og pølser på spidd fekk unge asylsøkjarar ei grunnleggjande innføring i skiteknikk og eit møte med norsk kultur og aktivitetar vinterstid. Skidagen på Hvalstad i Asker vart ei positiv og lærerik fleirkulturell oppleving for alle som var til stades.

CHANGEweNEED

CHANGEweNEED var initiativtakar til og arrangør av skidagen, i tett samarbeid med Hvalstad mottakssenter. Grunnideen til organisasjonen er at mange ønskjer å bidra til eit meir positivt samfunn, og at ikkje berre styresmaktene skal ta ansvar for samfunnsutviklinga.

CHANGEweNEED arbeider med positive prosjekt i Asker og Bærum, og da med særleg fokus på initiativ til beste for mindre privilegerte grupper.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook