Hopp til hovedinnhold

Kvinnedagen 100 år

Hennar Majestet Dronning Sonja var til stades på 8. mars-markeringa ”Likestilling og deltakelse” i dag. Arrangementet fokuserte på situasjonen til innvandrarkvinnene og var i regi av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

08.03.2010

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen vart halden på revyscenen Chat Noir i Oslo og samla i underkant av 600 kvinner.

Kvinner og arbeid

Fokus for arrangementet var situasjonen til innvandrarkvinnene. Mange ønskjer å jobbe, men møter barrierar og hindringar både som kvinne og som innvandrar. Tal frå SSB viser at sysselsetjinga blant innvandrarkvinner er på 59 prosent, mens ho er på 69 prosent blant kvinner i heile befolkninga.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken talte under overskrifta ”Vi trenger dere”. Dei som var til stades i Chat Noir 8. mars, fekk òg oppleve musikkinnslag, dans, teater, film og innlegg frå utvalde innvandrarkvinner. Senaid Kobilica, leiaren for Islamsk Råd i Noreg, snakka om islam og kvinner i arbeid.

Samtalar

Etter første del av programmet hadde Dronninga samtalar med fire kvinner frå Somalia, Den dominikanske republikken, Pakistan og Iran. Dei fortalde sine historier og tankar om likestilling og deltaking i arbeidslivet.

IMDi arrangerte Internasjonal kvinnedag og arrangementet ”Likestilling og deltakelse” i samarbeid med Landsorganisasjonen (LO), Norske Kvinners Sanitetsforening, NAV og Likestillings- og diskrimineringsombodet.

I 2007 var Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette-Marit til stades på eit liknande arrangement på kvinnedagen. Konferansen ”Kvinner er kvinner best” markerte starten på IMDis satsing for å auke innvandrarkvinnene si deltaking i arbeidslivet.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook