Hopp til hovedinnhold

Årsmeldinga frå Hoffet 2009

Årsmeldinga for Det kongelege hoffet er i dag overlevert til Stortingets Presidentskap, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Riksrevisjonen. Det omfattande offisielle programmet til Kongefamilien blir spegla i årsmeldinga for 2009.

09.04.2010

Kongefamilien har i 2009 hatt 452 offisielle oppdrag heime og ute. H.K.H. Kronprinsessa har besøkt 32 kommunar, H.M. Kongen og H.K.H. Kronprinsen har besøkt 31 kvar og H.M. Dronninga 19. I løpet av året vart 55 kommunar i 17 av fylka besøkte. Fylkesturen til Kongeparet gjekk til Hordaland i juni, mens Kronprinsparets fylkestur vart lagd til Rogaland i månadsskiftet august/september.

Nærare om offisielt program

Kongen har i 2009 hatt 123 audiensar, og det har vore29 Høgtidelege audiensar der nye ambassadørar til Noreg har avlevert akkreditiva sine. I tillegg deltek Kongefamilien på ei rekkje interne arbeidsmøte for å styre organisasjonen og for å førebu offisielle oppdrag.

Dronninga er òg engasjert i vedlikehaldet og utviklinga av dei kongelege eigedommane, i tillegg til at ho har eit spesielt fokus på kunst og kulturfeltet og er sentral i kulturarbeidet i hoffet.

Kronprinsen bruker mykje tid på engasjementet sitt i Young Global Leaders, Global Redesign Initiative og Global Dignity. Kronprinsessa har i tillegg til det offisielle programmet gjennomført studium ved masterkurset ”Ledelse, makt og mening” på BI. Kronprinsen og Kronprinsessa har òg oppgåver i UNDP og UNAIDS. Kronprinsessa arrangerte og leidde ein internasjonal ungdomskonferanse om HIV/AIDS i Oslo i juni.

Rehabilitering

Bruken av Stortingets løyvingar til Det kongelege hoffet (Civillisten) og til Kronprinsparets stab (offisielt budsjett) blir rapportert årleg. Store delar av dei løyvde midlane er brukte til rehabiliteringa av Slottet, hovudhuset ved Bygdø Kongsgård og Oscarshall, med dei kulturelle og historiske verdiane som finst der. Restaureringsarbeidet av Oscarshall vart avslutta i 2009, og i august kunne Kongen og Dronninga gjenopne lystslottet for publikum.

Det blir ikkje rapportert på Apanasjen til Kongeparet og Kronprinsparet. Apanasjen skal dekkje forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling (FDVU) av dei private eigedommane, medrekna Mågerø, Sikkilsdalen og Kongsseteren, i tillegg til personlege kostnader. Som kompensasjon for at staten ikkje stiller bustad til disposisjon for Kronprinsfamilien, er det lagt inn midlar i apanasjeløyvinga til forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av hovudhuset på Skaugum. Apanasjen til Kronprinsparet utgjorde totalt 6 536 000 kroner. Av dette er ca. 4 900 000 kroner nytta til FDVU-formål.

Tiltaksmidlar

Det kongelege hoffet mottok i 2009 tiltaksmidlar frå Stortinget til restaurerings- og reparasjonsarbeid av fasadar og drenering rundt hovudhuset på Skaugum. Desse arbeida starta etter påske 2009 og vart i vesentleg grad ferdigstilte i desember. Enkelte mindre arbeid står att i 2010.

Det er søkt FAD om dekning av en overskriding på 1,5 millionar kroner, i det vesentlege grunna uføresette problem med fundament for terrasse og feilmåling av fasaden.

Årsrekneskap

Årsmeldinga for 2009 omfattar årsrekneskapen for Den kongelege civilliste, Kronprinsparets stab og Åpent Slott, og dessutan organisasjonsoversikt og meldingar om det gjennomførte offisielle programmet til Kongehuset og aktivitetane til Det kongelege hoffet. Rekneskapen for Den kongelege civilliste er gjord opp med eit resultat som viser et underskot på 1 373 844 kroner. Underskotet blir dekt av tidlegare avsetningar.

Årsrekneskapen for Kronprinsparets stab viser eit underskot på 837 920 kroner, som blir dekt av tidlegare avsetningar.

Årsrekneskapen for Åpent Slott er gjord opp med eit underskot på 206 313 kroner, som blir dekt av eigenkapitalen.

Tidlegare årsmeldingar

Årsmeldingar frå tidlegare år er tilgjengelege som PDF-ar via peikaren til høgre.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook