Hopp til hovedinnhold

Utnemning til St. Olavs Orden

H.M. Kongen har utnemnt professor Jan Raa, Oslo, til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for forsking og utviking innanfor den biomarine sektoren.

30.04.2010

Kongen har i vurderinga si lagt vesentleg vekt på at Raa har vore ein idéskapar og bidragsytar til å modernisere og å gje fiskeri- og havbruksnæringa nye utviklingsplattformer.

Overrekking

Dekorasjonen vil bli overrekt ved ei markering fredag 7. mai 2010 klokka 13.00 på Arctandria i Tromsø.

Relaterte lenker