Hopp til hovedinnhold

Husflidslaget 100 år

I kveld er Hennar Majestet Dronninga til stades ved Norges Husflidslags jubileumsmiddag på Grand hotell i Oslo. Dronning Sonja er beskyttar for Husflidslaget, som feirar 100 år i år.
12.06.2010

Husflidslaget markerer 100-årsjubileet gjennom heile året, ikkje minst under landsstemnet som blir arrangert i Oslo 10.-14. juni. Det er fleire utstillingar i byen desse dagane, blant anna "Hjertens Fryd - husflid til begjær", som Dronninga får høve til å sjå før middagen.

Barn gleder Barn

I mange månader har barn over heile landet dekorert lappar med å måle, applikere og sy. Om lag 4500 barn frå 30 skolar har laga over 7000 lappar, som har vorte til 100 lappeteppe som skal gjevast til barn i Pumwani-slummen utanfor Nairobi.

Dronning Sonja har bidratt til prosjektet med stoff frå systua ved Slottet. Dette har vorte til eit eige "dronningteppe", som er laga med utgangspunkt i barns teikningar av prinsar og prinsesser. Dronningteppet blir stilt ut saman med andre teppe frå Barn gleder Barn-prosjektet i Spikersuppa i Oslo sentrum i dag, 12. juni.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook