Nasjonalforeininga 100 år
900 festkledde festmøtedeltakarar vart ønskte velkommen til Rådhushallen av Oslo-ordførar Fabian Stang.
Pioner
I talen sin til 100-årsjubilanten bad helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen organisasjonen halde fram med å ta tak i område der velferdsstaten er lite utvikla, gå nye vegar og framleis drive nybrotsarbeid.
I tida etter den andre verdskrigen begynte Nasjonalforeininga for folkehelsa arbeidet sitt for eldres helse og velferd. Organisasjonen vart ein pioner i dette arbeidet. I dag er organisasjonen interesseorganisasjon for menneske med demens og deira pårørande.
70 000 nordmenn har demens. Det er venta at talet vil doble seg i løpet av 30 år.
Festmøte
I Rådhushallen var det i tillegg talar ved Nasjonalforeiningas leiar John Kjekshus, generalsekretær Geir Riise i Den norske legeforening og tidlegare nestleiar Bjørg I. Møllerplass i Nasjonalforeininga.
Ei rekkje kunstnariske innslag bidrog til å setje ei verdig og fin ramme rundt markeringa. Eldbjørg Hemsing framførte eit vakkert stykke på fiolin, Sidsel Walstad spelte harpe akkompagnert av trommer, Kim André Rysstad framførte stev frå Setesdal, og trompetist Tine Thing Helseth fekk i oppgåve å avslutte festmøtet.
Arrangementet vart leidd av musikar Ingrid Bjørnov.
Nasjonalforeininga
Organisasjonen vart i si tid oppretta som ei følgje av kampen mot den dødelege lungesjukdommen tuberkulose.
I februar i år overrekte Kong Harald Nasjonalforeiningas hjartepris til professor Otto Smiseth under ein prisseremoni i Gamle festsal i Oslo. Nasjonalforeininga er i dag den største humanitære bidragsytaren i landet til hjarte- og karforsking.
Kong Harald er beskyttar for Nasjonalforeininga for folkehelsa.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.