Hopp til hovedinnhold

Feira Florø

Florø by markerer 150 års-jubileeet sitt i heile 2010 med mange arrangement for store og små, og i dag deltok Hennar Majestet Dronning Sonja i feiringa av byen.
19.08.2010

Det var dei enorme førekomstane av sild rett utanfor kysten som var den direkte årsaka til at det for 150 år sidan vart etablert ”et ladested på Florøen i Kinn Præstegjeld". Etter kvart fekk byen fleire bein å stå på, med både verft, oppdrett og olje i tillegg til dei tradisjonelle fiskeria.

"Det er således en livskraftig by jeg har gleden av å hilse i dag. Og byen som en gang besto av 50 sjeler har nå passert 11 500 innbyggere.",  sa Dronning Sonja i helsingstalen sin til byen. Talen vart halden under barnekulturprogram og folkefest på torget i føremiddag, men Dronninga hadde tett program denne dagen.

Båttur

Dronninga kom til Florø hamn i sjalupp frå Kongeskipet Norge i dag tidleg, og der gjekk ho om bord i båten Sea Service for ein guida rundtur i Florabassenget. Kjentmann Trond Strømgren kunne fortelje om sjåverdigheitene på turen, som blant anna gjekk forbi Stabben fyr.

Kystmuseet

Selskapet gjekk i land ved Kystmuseet, der det var lagt opp til ei omvising i fotoutstillinga ”Captured by the Norwegians” av Robert Robinson.

Her fekk Dronninga òg møte skolebarn som arbeider med båtar.

Havglytt

På ettermiddagen besøkte Dronning Sonja Havglytt, et servicesenter for friske eldre. Her er det både kafé og bibliotek, arbeidsstue og verkstad i kjellaren. Senteret tilbyr kurs og opplæring i ei rekkje aktivitetar i tillegg til å vere ein møteplass.

Besøket vart runda av på Saga Fjordbase på Botnaneset. Her fekk Dronninga ei orientering om aktiviteten på basen og om drifta av Gjøafeltet, før sjaluppen henta Dronning Sonja tibake til Kongeskipet.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook