Hopp til hovedinnhold

Urnes stavkyrkje gjenopna

Hennar Majestet Dronninga var til stades da gjenopninga av Urnes stavkyrkje i Luster vart markert i dag. Urnes er Noregs eldste stavkyrkje, datert til byrjinga av 1130-talet, og står på UNESCOs liste over verdsarvstader.
02.09.2010

Dei siste to åra har kyrkja vore gjennom omfattande restaurering og er no gjenopna for publikum. Gjenopninga vart markert med gudsteneste og lunsj i dag. Fungerande biskop i Bjørgvin, Jan Otto Myrseth, forretta under gudstenesta.

Planta plommetre

Ein gong fanst ein hage i tilknyting til Urnes stavkyrkje. Etter gudstenesta planta Dronning Sonja eit plommetre for å bidra til å gjenskape denne hagen.

Restaureringa

Restaureringsarbeidet har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Riksantikvarens stavkyrkjeprogram og Fortidsminneforeininga, som er eigar av stavkyrkja, med ekspertisehjelp frå blant anna handverkarar frå Jølster Bilelag og Norsk institutt for kulturminneforsking.

Grunnmurar og golv er restaurerte med same type materialar og handverksteknikkar som vart brukte da kyrkja vart reist tidleg på 1100-talet. Veggdekor og måleri er konserverte. Seinare i haust skal noko av taksponen skiftast ut, tårnet rettast opp igjen og kyrkja tjærebreast.

Riksantikvarens stavkyrkjeprogram starta i 2002. Programmet har som mål å setje i stand alle dei 28 stavkyrkjene i landet - både bygningar, inventar og utsmykking, og i tillegg lage ein grundig dokumentasjon av dei. Urnes stavkyrkje har vorte skanna både utvending og innvendig, slik at det no finst gode tredimensjonale, digitale teikningar av henne.

Under lunsjen, som vart halden i låven på Urnes gard, fekk gjestene høyre eit foredrag om dei gamle handverksteknikkane som vart brukte under arbeidet. Høvet vart òg markert med talar av riksantikvar Jørn Holme, statsråd Erik Solheim og ordføraren i Luster, Torodd Ornes, og det vart folkemusikk ved Asbjørg Ormberg.
 

H.M. Dronningen er beskyttar for Fortidsminneforeininga.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook