Hopp til hovedinnhold

Eige byrå for rollemodellar

H.K.H. Mette-Marit stod i dag for den offisielle opninga av Alfa rollemodellbyrå. Byrået for rollemodellar er eit tiltak for å inspirere fleire unge til å ta realfagleg/teknologisk utdanning.
13.09.2010

Rollemodellbyrået tilbyr skolar å invitere personar som jobbar i yrke med teknisk/realfagleg bakgrunn, til å komme og presentere yrkesvalet sitt for elevane.

Opninga

Om lag 160 skoleleiarar frå heile landet var til stades ved opninga på Gardermoen, i tillegg til drygt 20 av rollemodellane i Alfa.

Kronprinsesse Mette-Marit fekk sjå rollemodellane presentere seg sjølve på catwalken og fekk høyre eit foredrag av Jørgen Sjåstad, doktorstipendiat ved UiO, om korleis enkeltmenneske påverkar ungdoms forhold til realfag.

I opningstalen sin roste Kronprinsessa initiativtakarane og - ikkje minst - rollemodellane som stiller seg til disposisjon slik at elevane kan få møte engasjerte realistar og teknologar:

- På denne måten får unge mennesker se hva realfag og teknologi brukes til i virkeligheten, de får en smakebit på et mangfold av spennende utfordringer som de kan være med å løse. Både praktikeren, analytikeren, og den kreative kan få brukt sine evner., sa Kronprinsessen

Fakta om Alfa

Alfa er eit kostnadsfritt rollemodellbyrå med engasjerte og dedikerte rollemodellar som representerer eit mangfald av personlegdommar, kunnskap og erfaringar innanfor realfaglege og teknologiske yrke. Målgruppa er ungdomsskolar og vidaregåande skolar i heile landet.

RENATEsenteret, som er Kunnskapsdepartementets nasjonale senter for realfagsrekruttering, har ansvaret for å realisere og drifte Alfa. Målet er 20 rollemodellar i kvart fylke klar til teneste frå januar 2011.

(Kjelde: Velgriktig.no)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook