Hopp til hovedinnhold

Den svenske kyrkja 85 år

Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige og Hennar Majestet Dronning Sonja var til stades ved høgmessa i Margaretakyrkan søndag føremiddag. Gudstenesta markerte starten på 85-årsmarkeringa til den svenske kyrkja i Oslo.
04.10.2010

Sokneprest Erland Söderström tok imot Dronningane på kyrkjetrappa. Før gudstenesta besøkte Dronningane lokala til Margaretaförsamlingen, som ligg vegg i vegg med kyrkja, der dei fekk ei orientering om verksemda til den svenske kyrkja i Oslo-området.

Svensk kyrkjelyd i Oslo

Den svenske kyrkjelyden i Oslo vart oppretta i 1911. Dei første åra heldt kyrkja til i forskjellige lånte lokale, men etter kvart voks behovet for ei eiga kyrkje. Ei foreining vart stifta og ein innsamlingsaksjon sett i gang.

Innsamling til eiga kyrkje

- Det første bidraget kom frå reinhaldsarbeidaren Sofia Johansson. Ho gav presten to kroner i bidrag til bygging av ei kyrkje, fortalde leiaren av kyrkjerådet, Herbert Carlén, Dronning Silvia og Dronning Sonja.

Første spadetak vart teke i 1922, og fjerde søndag i advent i 1925 vart Margaretakyrkan teken i bruk.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook