Hopp til hovedinnhold

Opna Kommunalkonferansen

H.K.H. Kronprins Haakon var første talar under Kommunalkonferansen som vart arrangert av LO på Gardermoen 12. og 13. oktober. Kronprinsen snakka om utvikling og verdigheit for dei 250 delegatane.

12.10.2010

Kommunalkonferansen samlar politikarar, leiarar, fagfolk og tillitsvalde for å dele ny kunnskap og diskutere korleis ein best kan forhindre uønskte hendingar - og samtidig arbeide for gode, helsefremjande arbeidsplassar. Førebygging er eit nøkkelord.

Kvifor skal vi bry oss?

Dette var spørsmålet Kronprinsen stilte - og søkte å svare på gjennom innlegget sitt som den første talaren på konferansen. Kronprins Haakon peika på FNs tusenårsmål - åtte konkrete mål for kampen mot fattigdom, og gjorde greie for kor langt verdssamfunnet har komme i realiseringa av dei.

Kronprinsen fortalde òg om Global Dignity, organisasjonen der Kronprins Haakon er ein av initiativtakarane, og som arrangerer verdigheitsdagar på skolar over heile verda. Elevane blir engasjerte i diskusjonar om kva verdigheit er, og blir oppmuntra til å fortelje om situasjonar dei sjølve har opplevd, og som på ulike måtar gjeld eiga og andre si verdigheit.

Kronprinsen avslutta med å gje delegatane ei utfordring: Kva vil de gjere det neste året for at nokon andre skal få auka si verdigheit?

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook