Hopp til hovedinnhold

Ung Dialog

H.K.H. Kronprinsen deltok i dag på eit dialogtreff i gruppa Ung Dialog i regi av Nansenskolen på Lillehammer. Verdigheit på tvers av religion var temaet for diskusjonen.

01.11.2010

Møtet vart halde på Nobels Fredssenter i Oslo – der rundt 40 ungdommar var samla for å diskutere verdigheit på tvers av ulike religionar.

Rektor ved Nansenskolen Dag Hareide tok imot Kronprinsen saman med to av gruppedeltakarane, Irene Incerti og Vegard Amundsen.

 

Om Ung dialog

Ung Dialog vart etablert i 2009. Ungdom frå ulike trussamfunn i Noreg har samarbeidd med Nansenskolen på Lillehammer og LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar) om å etablere nettverket, som har hatt tre samlingar i haust.

Fokuset ligg på å få ei betre forståing for kva som er viktig for andre menneske med ein annan bakgrunn enn ein sjølv – gjennom dialog og aktiv lytting.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook