Hjerteaksjonen 2011
Hjarteprisen blir tildelt på grunnlag av viktige resultat innan hjarte- og karforskinga i Noreg. Professor Christensen får prisen for den banebrytande forskinga på hormonproduksjonen i hjartet og for etableringa av Senter for hjertesviktforskning.
Hjarteaksjonen
Nasjonalforeiningas Hjarteaksjon har to formål: å samle inn pengar til hjarte- og karforskinga i Noreg og å spreie informasjon om eit utvalt tema. Årets tema er fysisk aktivitet for førebyggje hjarteinfarkt.
Opninga i dag
Kong Harald vart møtt av leiaren av Nasjonalforeininga, John Kjekshus, og leiaren av Hjarte- og karrådet i Nasjonalforeininga, Cecilie Risøe, da han kom til Universitetets Gamle festsal i dag.
Temaet for årets hjarteaksjon vart introdusert gjennom professor Øyvind Ellingsens foredrag Mosjon som medisin. Duoen Sylvarstraum stod for musikalske innslag i programmet, på fele og toradar.
Sjølve prisutdelinga kom mot slutten av programmet, da Kongen overrekte Hjarteprisen 2011 til professor Christensen. Prisen består av eit beløp på 100 000 kroner, eit diplom og eit kunstverk forma av Lise Amundsen.
Nasjonalforeininga for folkehelsa
Nasjonalforeininga for folkehelsa er ein frivillig organisasjon som arbeider for å kjempe mot hjarte- og karsjukdom og demens. Sidan 1959 har Nasjonalforeininga samla inn over 1,7 milliardar kroner til hjarte- og karforskinga.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.