Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen på studentfestival

H.K.H. Kronprins Haakon deltok på opninga av den internasjonale studentfestivalen ISFIT i Trondheim i dag. Heile 500 studentar frå 104 ulike land deltek på årets festival, som har global helse som tema.

11.02.2011

Kronprins Haakon innleidde i dag med å snakke om forholdet mellom helse og verdigheit. Tematikken vart teken vidare i gruppearbeid, der studentane diskuterte kva verdigheit har å seie, og delte verdigheitshistorier seg imellom.

I plenumssesjonen som følgde, delte studentar frå Marokko, Palestina, Georgia, India, Ghana, Syria, Tunisia, Sør-Afrika og Egypt verdigheitshistoriene sine frå scenen. Dei fortalde om sterke møte med enkeltpersonar og korleis det å arbeide for menneskerettar har vore med på å auka deira eiga verdigheit. Kronprinsen leidde sesjonen saman med Hanne Marstrand frå MOT og Thomas Horne frå Global Dignity Norge.

Studentanes fredspris

Kroatiske Duško Kostić delte òg si historie frå scenen. Han fortalde om korleis det var å - i vaksen alder – få sjansen til å studere. Lærarstudenten er årets mottakar av studentanes fredspris.

Prisen blir delt ut på vegner av alle studentar i Noreg til ein student eller studentorganisasjon som har bidrege særleg til fred, demokrati og menneskerettar. Kostić får prisen for arbeidet sitt med å styrkje rettane til romfolket gjennom utdanning.

ISFIT

Trondheim internasjonale studentfestival blir arrangert kvart andre år, og det er stor interesse for å delta. Over 4300 personar frå land over heile verda søkte om å vere med i år. Festivalen går over 10 dagar, frå 11. til 20. februar. Mellom 350 og 400 arbeider frivillig under arrangementet, og eigne ISFIT-vertar husar dei tilreisande studentane.

- Det er verkeleg imponerande kva ISFIT har fått til sidan det heile starta for 20 år sidan, sa Kronprinsen i dag. - Dette er verdas største studentfestival med eit tematisk fokus.


Kronprinsesse Mette-Marit kjem til ISFIT 17. februar. Da held Kronprinsessa innlegg om hiv og aids i Studentersamfundet.

Studenter på ISFIT deler sine verdighetshistorier fra scenen (Foto: DKH)
Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook