Hopp til hovedinnhold

Opna Hjertebakken

I dag gjennomførte Prinsesse Märtha Louise den offisielle opninga av Hjertebakken burettslag på Nesoddtangen. Burettslaget består av 8 leilegheiter for menneske med psykisk utviklingshemming.
28.02.2011

Leilegheitene ligg i småhus som omkransar felleshuset med kjøkken, stue, peis og aktivitetsrom. Her vil bebuarane samlast til middagar, bursdagar og fritidsaktivitetar, og her vil dei finne omsorgsarbeidarane i kommunen.

Prinsesse Märtha Louise fekk blomster av bebuar og bursdagsbarn Bente Pihlblad da ho kom til Hjertebakken i dag. Etterpå ønskte styreleiar Alf Feldberg velkommen, før bebuar Andrea Brubaker las dikt og ordførar Christian Hinze Holm talte på vegner av kommunen.

Prinsessa drog i snora som markerte opninga av Hjertebakken, og mange hjarteballongar steig til vêrs for å feire opninga. I opningstalen sin gav Prinsesse Märtha Louise uttrykk for at ho håpa at alle ville trivast i det nye burettslaget, og at ho godt kunne forstå at dei ville bu der.

Omvising

Etter opninga fekk Prinsessa ei lita omvising i burettslaget. Ho var ein liten tur innom felleshuset, før ho vart invitert inn på besøk hos bebuarane.

Bebuarane er sjølveigarar, og prosjektet er finansiert gjennom Husbanken. Med nærleik til buss, bibliotek, butikk og kommunesenteret, og i naturvakre omgjevnader ligg det meste til rette for tryggleikhet, frigjøring og utvikling.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook