Hopp til hovedinnhold

Revmatikarforbundet jubilerer

Prinsesse Märtha Louise deltok i feiringa av Norsk Revmatikarforbunds 60-årsjubileum i kveld. Forbundet markerte jubileet med eit ope møte om kosthald og ernæring for revmatikarar og menneske med muskel- og skjelettplager.
15.03.2011

Kva er smart mat når du har problem med musklar og ledd? Dette var det sentrale spørsmålet møtet ønskte å utdjupe. Prinsessa har lenge vore oppteken av dette temaet, og i helsingstalen sin nemnde ho bl.a. korleis forsking viser at rett mat kan bidra til å gjere kvardagen betre for denne gruppa.

Prinsessa vart motteken av forbundsleiar Svein Dåvøy og overvar foredrag med ernæringsfysiolog Sissel Urke Olsen og Anna Tostrup Worsley, forfattarar av boka ”Kronisk”. Sistnemnde fortalde om å møte gode råd og forventningar frå omgjevnadene når ein blir sjuk, og korleis ho fann fram til den kombinasjonen som hjelper henne i dag. Ho bruker kosthald aktivt for å leggje band på sjukdommen og få ein betre livskvalitet.

Marianne Krogness var kveldens konferansier, og Knut Anders Sørum stod for dei musikalske innslaga med ei Prøysen-framføring.

Markeringar over heile landet

Lokallag frå heile Austlandet var inviterte til denne 60-årsmarkeringa i Oslo Militære Samfund. I tillegg var møtet ope for alle med interesse for å lære om kosthald relatert til muskel- og skjelettplager.

Møtet vart arrangert av Oslo Fylkeslag i samarbeid med NRF sentralt. Jubileet blir òg markert med mange andre arrangement over heile landet.

Beskyttar

Prinsesse Märtha Louise har vore beskyttar for Norsk Revmatikarforbund sidan 1992, og ho var òg til stades i 2005, da Barne- og ungdomsrevmatikarane (BURG) feira 25-årsjubileet sitt.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook