Hopp til hovedinnhold

NM i skiskyting

H.M. Kongen var laurdag på plass på skiskyttararenaen på Bardufoss i Troms og delte ut kongepokalane til Tora Berger og Tarjei Bø. Dei vann tre individuelle NM-gull i skiskyting kvar.
04.04.2011

Tora Berger frå Lesja sikra seg sitt tredje av tre moglege NM-gull da ho laurdag vann jaktstarten framfor Hilde Fenne frå Voss og Solveig Rogstad frå Skrautvål.

Kongepokal

Med eit godt løp og fantastisk skyting på siste ståande la Tarjei Bø frå Stryn grunnlaget for sigeren i jaktstarten for menn. Heimehåpet Aleksander Os frå Fauske tok sølv. Berger og Bø sikra seg kongepokalane etter fredagens sprint.

Kongehytta

Kongen kom til arrangørkommunen Målselv allereie fredag og var til stades på ein middag i Kongehytta saman med blant andre pokalvinnarane, Målselv-ordførar Viggo Fossum, fylkesmann Svein Ludvigsen, representantar for NM-komiteen og politimeister Truls Fyhn.

Generalinspektøren for Hæren, Per Sverre Opedal, var vertskap for middagen.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook