Hopp til hovedinnhold

Hamnefestival i Hamburg

Verdas største hamnefestival går denne helga av stabelen i Hamburg. I år er Noreg partnarnasjon, og H.K.H. Kronprinsen besøkte den tradisjonsrike festivalen i dag.

06.05.2011

”Hafengeburtstag” trekkjer om lag 1,5 millionar menneske til Hamburg og er ein festival med tradisjonar fleire hundre år tilbake i tid. Han blir feira for 822. gong denne helga, og det var folkefest i gatene i Hamburg i dag. Kvart år har Hafengeburtstag eit partnarland med på feiringa, og i år er Noreg partnarnasjon for festivalen. Det set sitt preg på programmet:

Skipsparade av dei sjeldne

Kvart år blir festivalen innleidd med ein stor skipsparade. Tradisjonen tru er det eit skip frå partnarlandet som fører an, og i år er det KNM ”Otto Sverdrup” som har dette ærefulle oppdraget. I tillegg deltek åtte marinefartøy frå Tyskland og Belgia, fem store seglskip frå blant anna Russland og Polen, museumsskipet ”Cap San Diego” og et tital andre store og små fartøy.

Det var Kronprins Haakon som opna paraden. Det gjorde han ved å ringje i skipsklokka om bord på ”Rickmer Rickmers”, ein tremasta bark bygd i Bremerhaven i 1896.

Norwegenfestival – die Oslo region rückt näher

Kronprinsen opna òg det norske festivalprogrammet som er ein del av feiringa denne helga. Gjennom ei eiga utstilling i hamneområdet blir det servert ei rekkje smakebitar av kva Noreg har å by på, både innan kultur og turisme, næringsliv og viktige samarbeidsområde som fiskeri og gassektoren.

Over 600 000 tyske turistar besøkte Noreg i fjor. Festivalen presenterer reiseinformasjon om Noreg frå ulike standar og kan gje fleire lyst til å besøkje Noreg. På kulturprogrammet står filmane ”Trolljegeren” og ”Kon-Tiki”, Oslo domkor held konsert, og arkitektkontoret Snøhetta viser fram fleire av prosjekta sine. Barna kan besøkje ein eigen vikinglandsby og lære om korleis dei levde den gongen.

Norsk næringsliv er òg sterkt representert, blant anna gjennom Color Line, som kvart år fraktar mange tyske reisande til Noreg, og Bergans, som viser fram den siste kolleksjonen sin. I løpet av dagen fekk Kronprinsen ei omvising på området og snakka med folk på fleire av standane.

Seminar om ressursforvaltning

Eit norsk-tysk seminar fokuserte på Noregs engasjement for berekraftig ressursforvaltning. Til stades var ei rekkje representantar for tysk industri, varehandel og fagpresse. Kronprins Haakon innleidde på seminaret og understreka blant anna korleis tilgang på naturressursar òg medfører eit ansvar for god og berekraftig forvaltning:

- Norway is blessed with a multitude of natural resources. The sea provides one of the most important ones. The fisheries. We have an opportunity to provide the world with healthy seafood with exquisite quality. At the same time we have the responsibility to manage these vulnerable resources in a sound and sustainable way.

Peer Gynt i Hamburg

Som eit ledd i den norske satsinga under Hafengeburtstag har Peer Gynt-spela på Gålå laga ei spesialoppsetjing for Hamburg. I kveld skal oppsetjinga førast fram for Kronprinsen og over 500 andre publikummarar i Fischauktionshalle – eit lokale som opphavleg vart bygd som ein fiskemarknad i 1894.

Offisiell middag

I formiddag var Kronprinsen til stades under ein offisiell lunsj rådhuset, der Hamburgs borgarmeister Olaf Scholz var vert. I kveld blir dagens program avslutta med ein middag basert på norske råvarer i regi av Norwegenfestival.