Hopp til hovedinnhold

Høgnivåmøte om AIDS opna

I dag opna FNs Generalforsamlings Høgnivåmøte om AIDS i New York. H.K.H. Kronprinsessa var til stades saman med fleire av kollegaene sine i UNAIDS og den norske delegasjonen.

08.06.2011

Kronprinsessa er i New York som spesialutsending for FNs Aidsprogram, UNAIDS. Gårsdagen vart blant anna brukt til å jobbe med ungdom som skal inn i forhandlingane. I dag sto sjølve opninga for tur.

Opna av Ban Ki-moon

Det var FNs generalsekretær Ban Ki-moon som stod for den offisielle opninga i General Assembly Hall i FN-hovudkvarteret. Målet for toppmøtet er at medlemslanda skal einast om ein ny deklarasjon som skal vere med å styre den globale kampen mot HIV/AIDS i åra som kjem.

Forhandlingane skal pågå frå i dag og fram til 9. juni – 30 år etter at dei første tilfella av HIV vart oppdaga.

Paneldebatt

Like etter opninga overvar Kronprinsessa ein offisiell paneldebatt i FN-regi, som blant anna tok for seg korleis dei ulike landa kan ta eit felles ansvar i kampen mot HIV/AIDS. Eit anna viktig tema var korleis ein kan sikre gode og føreseielege planar på eit lokalt nivå, deriblant å sikre finansiering til dei ulike tiltaka.

Norsk arrangement om kvinner og barns helse

I 2010 lanserte FNs generalsekretær ein global kampanje om kvinner og barns helse: The Global Strategy for Women`s and Children`s Health. Målet med kampanjen er å redde millionar av liv gjennom ein stor global innsats. Satsinga blir rekna som ei viktig anerkjenning av at god helse for kvinner og barn er ei sentral brikke for å nå FNs tusenårsmål.

I opningstalen sin understreka Kronprinsessa kor viktig kvinner og barns helse er for tusenårsmåla, og kor viktig kampanjen generalsekretæren lanserte, er:

The Secretary-General’s launch of the Global Strategy for Women’s and Children’s Health and the global effort Every Women, Every Child last year provides a strong platform for all partners in making progress together towards 2015.

UN Secretary-General Ban Ki-moon took an important and brave step when he lifted women’s and children’s health to the highest political level.

Til stades på arrangementet i dag var dei fire store FN-organisasjonane UN Women, UNICEF, UNFPA og WHO.

Til stades på diskusjon

Seinare i ettermiddag, lokal tid, vil Kronprinsessa vere til stades ved ein moderert diskusjon mellom FNs generalsekretær Ban Ban Ki-moon, leiar i UNAIDS Michel Sidibé og Rwandas president Paul Kagame.

Målet for diskusjonen vil vere å identifisere korleis ein kan få i stand eit forpliktande samarbeid og å skape eigarskap hos dei ulike landa for den globale kampen mot HIV/AIDS.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook