Hopp til hovedinnhold

Kjør for Livet

H.K.H. Kronprins Haakon besøkte i dag prosjektet "Kjør for Livet" på Ler i Sør-Trøndelag. Her fekk han ei innføring i korleis prosjektet bruker ungdoms interesse for motorsport som eit utgangspunkt for læring og utvikling.
22.06.2011

Kjør for livet er eit opplevings- og fritidstilbod til barn og unge i heile landet. Målet er å gje deltakarane positive opplevingar, kjensle av meistring og auka sosial kompetanse gjennom ulike aktivitetar og temakveldar.

Ei av målgruppene for prosjektet er unge som treng eit anna undervisningsopplegg enn det som det vanlege skulesystemet kan gje dei. Ved å gje ungdommane ein meir praktisk skulekvardag håpar ein å kunne føre elevane tilbake til ordinær skule etter kvart.

Kronprins Haakon møtte nokre av desse ungdommane i dag og fekk høyre korleis prosjektet har påverka dei. Kronprinsen fekk òg demonstrert korleis dei jobbar på verkstaden ved prosjektet.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook