Hopp til hovedinnhold

Markerte Forsvarets minnedag

Hans Majestet Kongen deltok ved markeringa av Forsvarets minnedag på Akershus festning søndag. Dagen ærar dei som har omkomme i Forsvarets teneste i løpet av året, og markerer støtte til dei pårørande.
07.11.2011

Markeringa starta på festninga, der Kong Harald la ned krans i minnelunden, før arrangementet heldt fram med ei minnegudsteneste i Akershus slottskyrkje.

Minnegudsteneste

Etter kransnedlegging var det gudsteneste i slottskyrkja. Seremonien vart avslutta med at forsvarssjefen las namna på dei som har omkomme dei siste to åra, før forsvarsminister Grete Faremo heldt minnetale over dei.

Kong Harald tende Minnelyset, før alle heldt eitt minutts stillheit for dei falne.

Stortingspresident Dag Terje Andersen og forsvarsjef general Harald Sunde var til stades ved markeringa, saman med pårørande og ei rekkje representantar for Forsvaret.

Fast tradisjon sidan 2007

Denne dagen minnest soldatar som har falle i Forsvarets teneste, anten det er under trening, under øvingar eller ved operasjonar i Noreg og i utlandet siste år. Markeringa vart arrangert for første gong i november 2007, og ei slik markering blir no halden kvart år. Alle avdelingar i Forsvaret markerer dagen, i tillegg til hovudmarkeringa som skjer på Akershus festning.

(Kjelde: Forsvaret.no)

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter