Painting Canada
Utstillinga viser kunst frå dei viktigaste pionerane innan kanadisk landskapsmåleri frå første del av det 20. hundreåret. Det var kjærleiken til Canada som inspirerte målarane til å utforske villmarka i nasjonalparkane i landet. Motiva og formspråket viser tydeleg påverknad frå skandinaviske landskapsmålarar, og utstillinga gjev eit innblikk i eit viktig kapittel i kanadisk modernisme.
I tillegg blir nokre få verk frå Nasjonalgalleriets eiga samling viste, med måleri av nordiske kunstnarar som inspirerte kanadiarane, blant andre Munch, Harald Sohlberg og Prins Eugen.
The Group of Seven
The Group of Seven vart danna i 1919 og heldt si første utstilling i 1920. Gruppa bestod av Franklin Carmichael, Lawren Harris, A.Y. Jackson, Franz Johnston, Arthur Lismer, J.E.H. MacDonald and Frederick Varley. Tom Thompson hadde stor påvirknad på gruppa, men var aldri medlem.
Åpning i ettermiddag
Utstillinga vart formelt opna av chargé daffaires ved den kanadiske ambassaden i Oslo i ettermiddag, og Dronning Sonja fekk ei inngåande omvising av Charles Hill frå National Gallery of Canada saman med prosjektleiar og kurator Frode Haverkamp og formidlingskurator Ellen Lerberg frå Nasjonalgalleriet.
Pianisten Einar Steen Nøkleberg stod for det musikalske og spelte musikk av Grieg.
«Painting Canada» har òg vore vist i London, med svært god omtale og høge besøkstal. I Oslo vil utstillinga stå frå 27. januar til 13. mai.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.