Hopp til hovedinnhold
Slottet, desember 2009  (Foto: Lise Åserud / Scanpix)
Slottet, desember 2009 (Foto: Lise Åserud / Scanpix)

Slottet

Slottet i Oslo er den viktigaste av dei kongelege eigedommane. Her har Kongen og Dronninga, Kronprinsen og Kronprinsessa kontora sine. Det er òg her dei fleste offisielle tilstellingar blir haldne.


Men det finst fleire Kongebustader rundt om i landet. Når Kongefamilien besøkjer Trondheim, bur dei på Stiftsgården, og når dei er i Bergen, bur dei på Gamlehaugen. I Stavanger er det Ledaal som huser Kongefamilien. I tillegg finst blant anna lystslottet Oscarshall, Bygdø Kongsgård, Kronprinsfamiliens bustad Skaugum og Kongssetra. Kongeskipet Noreg blir ofte brukt på reiser langs kysten av landet vårt.