Hopp til hovedinnhold

Regjeringsskifte

Hans Majestet Kongen speler ei viktig rolle i den formelle overgangen mellom ei avtroppende og ei tiltredande regjering.

Dei formelle sidene ved eit regjeringsskifte blir innleidd ved at den avtroppande statsministeren orienterer Kongen om at Regjeringa vil fråtre, og leverer Kongen avskjedssøknaden sin.

Prosessen vidare

Kongen ber den avtroppande statsministeren om råd om kven som bør danne ny regjering. Kongen kan òg søkje råd hos Stortingspresidenten eller dei parlamentariske leiarane. Desse vil normalt tilrå statsministerkandidaten frå det partiet eller den koalisjonen som har breiast tilslutning i Stortinget. Det er konstitusjonell praksis at Kongen følgjer dette rådet. I situasjonar der den parlamentariske situasjonen er uklar, kan Kongen bruke skjønn. Eksemplet på det er da Kong Haakon utnemnde statsminister Hornsrud i 1928 – den første arbeidarpartiregjeringa i landet

Kongen vil så vende seg til den aktuelle kandidaten og be han eller henne danne regjering. Dersom kandidaten svarer ja på førespurnaden, startar den påtroppande statsministeren arbeidet med å setje saman regjeringa si. Til slutt blir Kongen orientert om samansetjinga til regjeringa.

Den formelle avsetjinga og utnemninga av den gamle og nye regjeringa skjer i eit eige avskjeds- og utnemningsstatsråd. Kongen signerer resolusjonen som konstituerer regjeringa, og dermed er utnemningane gyldige.


Regjeringen Solberg slik den ble presentert på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd 17. januar 2018. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpixRegjeringen Solberg slik den ble presentert på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd 17. januar 2018. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Grunnlova

Reglane om samansetjinga av Kongens råd, Regjeringa, finst i § 12 i Grunnlova:

”Kongen velger selv et råd av stemmeberettigede norske borgere. Dette råd skal bestå av en statsminister og i det minste syv andre medlemmer."

 

01.10.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter