Hopp til hovedinnhold

I fokus: Internasjonal kvinnehelse

Den Høgvørde Kronprinsessa er spesielt oppteken av å styrkje kvinners helse og sjansar verda over. Berebjelken i dette arbeidet er eit prosjekt ho sjølv har vore med på å etablere: Maverick Collective.

I 2010 vart Kronprinsessa utnemnd til Young Global Leader av Verdas økonomiske forum i Davos. Ho vart òg invitert til å sitje i styret for nettverket deira for dei yngste leiarane, the Global Shapers Community. Dette forumet vart oppretta på bakgrunn av at over halvparten av befolkninga i verda no er under 27 år – og at det derfor er enda viktigare i dag at stemma til dei unge blir høyrd.

Gjennom heile dette internasjonale engasjementet – og på bakgrunn av det mangeårige arbeidet sitt med hiv/aids – såg Kronprinsessa eit behov for å etablere eit målretta prosjekt for å styrkje helsa til unge kvinner verda over. Under konferansen Women Deliver i København i mai 2016 lanserte ho Maverick Collective i samarbeid med Kate Roberts i Population Services International (PSI) og Melinda Gates.

Maverick Collective

Maverick Collective er organisert som ei slags fadderordning der kvar enkelt tilslutta partnar investerer både økonomiske ressursar, tid og engasjement i «sitt» prosjekt. Prosjekta blir drivne av PSI i samarbeid med lokale organisasjonar.

10 år gamle Zubeda er ein dyktig elev og liker skulen. Utdanning er vegen ut av fattigdommen, men tuberkulose og lite mat gjer henne svak. Slike møte utgjer grunnlaget for engasjementet til Kronprinsessa for kvinners helse og sjansar. Foto: Henrik Myhr Nielsen, NRK

På bakgrunn av arbeidet med Maverick Collective vart Kronprinsessa i 2016 utnemnd til ein av dei mest kreative personane i verda av Fast Company og til ein av dei 100 leiande tenkjarane i verda (Leading Global Thinkers) av Foreign Policy Magazine.

Bilateralt samarbeid

På offisielle utanlandsreiser på oppdrag frå regjeringa og i regi av Utanriksdepartementet er Kronprinsesse Mette-Marit opptatt av å styrkje unge kvinners helse og sjansar. Gjennom arbeidet sitt med beskytterskapsorganisasjonar som Raudekrossen og Forum for Kvinner og Utvikling utfører Kronprinsessa like eins arbeid innanfor dette temaområdet. 

 

20.04.2017

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Reportasje fra NRK om Kronprinsesse Mette-Marit og etableringen av the Maverick Collective i 2016. Foto: NRK