Hopp til hovedinnhold

Kronprinsparet til verdsarvmarkering

Kronprinsparet kjem til Notodden og Tinn 3. mai for å delta i markeringa av den nye verdsarvstaden Rjukan-Notodden industriarv.

Rjukan-Notodden industriarv blei skriven inn på Unesco si verdsarvliste 5. juli 2015. Det er eit stort område med ei viktig industrihistorie som dermed har komen inn på denne prestisjefylte lista. Med denne innskrivinga har eit stykke norsk historie blitt ein viktig del av verda si felles kulturarv.

Unesco ønskjer at verdsarven skal vere markert med plakett som minner om innskrivinga på lista, og om konvensjonen sitt formål om vern av denne arven til beste for menneskeheita. Det er støypt åtte bronseplakettar, av desse skal Notodden og Tinn ha tre kvar, og Vinje kommune skal ha to.

Markeringa 3. mai

Markeringa av den nye verdsarvstaden vil starte på formiddagen i Hydroparken på Notodden og avsluttast på ettermiddagen på Rjukan torg. Det vert òg planlagd med ei markering på Mæl i Tinn undervegs frå Notodden til Rjukan. Born og unge vil være ein sentral del av markeringane, og vil bidra med kulturelle innslag.

Det vert jobba med innhaldet i markeringa og Kronprinsparet si deltaking, og eit meir detaljert program vil bli presentert når det er klart.

Vertskap

Vertskapet for Kronprinsparet sitt besøk er Telemark fylkeskommune, Notodden, Tinn og Vinje kommunar og Riksantikvaren.

Rjukan-Notodden industriarv

Verdsarvstaden Rjukan-Notodden industriarv består av industribyane Rjukan og Notodden, transportsystemet mellom dei og Møsvatn i Vinje, som er vassmagasinet for kraftstasjonane.

Industristadene Rjukan og Notodden er framifrå døme på industrisamfunna som vaks fram i Norge på byrjinga av 1900-tallet. Dei representerer det store, industrielle gjennombrotet der samankoplinga av kraft, teknologi og kapital var avgjerande. Norsk Hydro sitt anlegg for kunstgjødselproduksjon på Notodden og Rjukan viste norsk industri i verdsklasse, basert på ei norsk oppfinning, på norsk vasskraft og utanlandsk kapital.

Pressekontakt hjå Riksantikvaren:
Turid Årsheim
Tel: 98202726
turid.arsheim@ra.no

 

16.03.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook