Etiske retningsliner
Det kongelege hoffet har utarbeidd eigne etiske retningsliner. Retningslinene gjeld for alle medarbeidarar ved Hoffet.
Medarbeidarar ved Hoffet vil i mange samanhengar opptre - eller bli oppfatta som - representantar for Hans Majestet Kongen som statsoverhovud eller Kongehuset.
For Det kongelege hoffet som arbeidsgjevar er det av omsyn til eigen organisasjon, den enkelte medarbeidaren og omgjevnadene viktig å setje ord på dei forventningane som må stillast til åtferda til alle medarbeidarar.
Derfor har Hoffet utarbeidd eigne etiske retningsliner. Retningslinene gjeld for alle medarbeidarar uavhengig av stilling og oppgåver.
Dei etiske retningslinene er tilgjengelege som PDF i lenkjelista.