Hopp til hovedinnhold

Dronninga opnar hengebru på turveg i Ullensvang

H.M. Dronning Sonja opnar hengebru ved Rjukande i Lofthus søndag 24. juni kl. 16.00. Akkreditering.

Pressemelding frå Fylkesmannen i Hordaland:

H.M. Dronninga har tidlegare opna «Dronningstien» som går frå Heng. I forlenginga av stien er det no laga ei hengebru over Opo-elva ved Rjukande i Lofthus, Ullensvang herad.

Ei bru ved Rjukande vil gjere rundturen Hardanger Fjellsti om til ein fin dagstur i lengde, der ein i dag må gå i 1.5 timar innover elva før ein kan krysse for å koma rundt.

Tiltakshavar er stiftinga Munketrappens vener.

Program

Kl. 16.00 H.M. Dronning Sonja blir motteke av ordførar Solfrid Borge ved hengebrua, Rjukande. Ordførar talar.

Kl. 16.10 Harald Alvavoll frå Munketrappens sine vener talar og introduserer H.M. Dronninga.

Kl. 16.15 H.M. Dronninga opnar brua (ved «kvistklipping»).

Kl. 16.45 Retur til bilane.

Viktig informasjon til pressa

Sjølve gangturen er ca. 40 – 50 minutt og startar ved Nosi (848 m over havet). Tilkomst Nosi skjer langs bratt kjerreveg, og difor må transporten vere felles, og det er naudsynt å akkreditere pressa.

Møt opp ved kjettingbom på vegen til Nosi seinast kl. 13.20. For å komme dit: køyr eit lite stykke sørover frå Hotell Ullensvang og følg skilting som peikar mot Nosi. Ved bommen ovenfor Eidnes vil det vere parkering for pressa sine bilar, transporten derfrå vert organisert/er felles.

Kontakt for transport: Harald Alvavoll, 938 34 169

Akkreditering innan fredag 22. juni kl. 17.00:
Edvard Høgestøl, Fylkesmannen i Hordaland
fmhoeho@fylkesmannen.no 
+47 913 83 573

 

20.06.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter