Hopp til hovedinnhold

ONS 2018: Presseprogram

Måndag 27. august besøker H.K.H. Kronprins Haakon den internasjonale energimessa ONS. Kronprinsen taler under opningsseremonien og skal også besøka fleire av utstillarane.

Frå pressemelding til Fylkesmannen i Rogaland:

Kronprinsen var også til stades under opninga av ONS i 2016. Nå er han tilbake og skal halda invitasjonstalen under opningsseremonien.

Frå Fylkesmannen i Rogaland er det fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa som følger Kronprinsen under besøket.

Kongeleg beskyttarskap

Hans Majestet Kongen var til stades under det første ONS-arrangementet i 1974. Sidan den gongen har eit medlem av kongefamilien alltid vore til stades under arrangementa.

ONS er eitt av Kongens faste beskyttarskap, ei ordning som er ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekka Kronprinsens besøk under ONS 2018, må akkrediterast hos ONS.

 

24.08.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook