Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen til festkveld for Hans Børli

H.K.H. Kronprins Haakon vil vere til stades på ei festframsyning i høve Hans Børli sitt 100-årsjubileum på Det Norske Teatret 4. desember kl. 20.00.

Pressemelding frå Det Norske Teatret:

8. desember 2018 er det 100 år sidan Hans Børli (1918–1989) blei født. Den offisielle avslutninga på jubileumsåret for den folkekjære lyrikaren er ei festframsyninga på Det Norske Teatret 4. desember.

Børli har gjerne blitt kalla «skogens diktar», fordi han hentar mange av motiva sine frå skogen og arbeidde som tømmerhoggar heile livet, men denne merkelappen hadde han sjølv eit ambivalent forhold til. Han hevda at overgangen til motorsag i femtiåra forandra inspirasjonen hans. Motorlarmen og effektivitetsjaget øydela kontakten med naturen.

Det store i det vesle

Gjennom jubileumsåret har fleire peika på dei eksistensielle problemstillingane som han set lys på gjennom diktinga si. Børli viser det store i det vesle. Dikta er ofte opne og undrande. Kanskje er det derfor så mange les Børli i dag?

Festframsyninga blir ei blanding av dikt, tonesette dikt og betraktningar. Åse Kleveland er konferansier, og med seg på scena får ho blant andre Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, In The Country med Frida Ånnevik, Georg Buljo, Camilla Granlien, Erik Lukashaugen, Bjørge Verbaan, Ane Dahl Torp, Sjur Miljeteig, Vidar Sandem, Sverre Eier, Sigbjørn Johnsen og Mímir Kristjánsson.

Pressekontakt

Presse som ynskjer meir informasjon eller å vere til stades på festframsyninga kan kontakte:

Ida Michaelsen
Informasjonssjef
ida@detnorsketeatret.no
22473830
41445345

Guro Redalen
Informasjonskonsulent
guro.redalen@detnorsketeatret.no
45 25 48 50

For spørsmål om Hans Børli-jubileet generelt:

Randi Heggland Strøm
Prosjektleiar Hans Børli-jubileet
Eidskog kommune
randi.heggland.strom@eidskog.kommune.no
Tlf. 93 22 60 62

 

30.11.2018

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Relaterte lenker