Hopp til hovedinnhold

Presseinvitasjon til Kongeparets fylkestur 2019: Hordaland

DD.MM. Kongen og Dronninga besøkjer Hordaland 18.–20. juni 2019. Alle journalistar og fotografar som ønskjer tilgang til besøksstadane, må vere akkrediterte hos Fylkesmannen i Vestland. Frist for akkreditering er 7. juni kl. 12.00.

Pressemelding frå Fylkesmannen i Vestland

Kongen og dronninga vil på fylkesturen besøkje Jondal, Odda, Granvin, Ulvik og Askøy. Dette er kommunar som ikkje har hatt offisielt besøk av Kongen og Dronninga tidlegare.

På besøksstadane vil det vere reserverte område for pressa. Detaljert presseprogram blir sendt ut i veke 24.

Alle som ønskjer å dekke heile eller deler av kongeparet sin fylkestur lyt akkreditere seg.

Følg denne lenka for påmelding


Tidsplan for besøka

Dag 1 (Tysdag 18. juni)

  • Jondal kommune: kl. 10:00 – 11:30.
  • Odda kommune: kl. 16:15 – 17:30.
    Odda kommune er vertskap for middag i Tyssedal kraftverk om kvelden.

Dag 2 (Onsdag 19. juni)

  • Granvin herad: kl. 10:00 – 11:30.
  • Ulvik herad: kl. 15.30 – 16.45.
    Ulvik herad er vertskap for middag på Brakanes hotel om kvelden.

Dag 3 (Torsdag 20. juni)

  • Askøy kommune: kl. 10:00 – 11:40.

 

Presseprogram vert sendt ut til dei påmeldte.

 

 

28.05.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook