Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen vitjar Kværner på Stord

Den Høgvyrde Kronprins Haakon vitjar Kværner på Stord fredag 23. august 2019, i høve verftet sitt 100-årsjubileum. Besøket vil inkludera synfaring på nokre av Kværner sine store og viktige prosjekt, møte med noverande, tidlegare og framtidige tilsette og helsing til over 1000 prosjektmedarbeidarar som er samla til grillfest.

Pressemelding fra arrangør

Kværner sitt anlegg på Stord blei etablert i 1919 og markerer dette året 100 år. Gjennom det meste av denne perioden har verksemda vore ein hjørnestein på Stord og i Sunnhordland – først som sildoljefabrikk, deretter skipsverft og seinast som spesialisert leverandør av komplette offshoreplattformer dei siste femti åra.

Kværner er i dag ei livskraftig verksemd med nær 3 000 tilsette, der over 1600 av desse er fast tilsette på Stord, og med store ringverknader i heile regionen. Jubileet har blitt markert gjennom ulike arrangement gjennom året, mellom anna konsertar for lokalsamfunnet og open dag, som til saman har trekt fleire tusen besøkande til verftet.

Fredag 23. august er det planlagt grillfest for medarbeidarane i dei største prosjekta som er under gjennomføring på verftet. Njord, Johan Sverdrup og Johan Castberg er Equinor-prosjekt som gir stor aktivitet for både Kværner og medleverandørar, og som er av stor betydning for norsk industri og det norske velferdssamfunnet.

Dei tre prosjekta er i ulike fasar. Aller størst aktivitet er det i Njord-prosjektet, som for tida sysselset rundt 2000 personar i rotasjon. Equinor og Kværner inviterer alle medarbeidarane i prosjekta til grillfesten, og som ein del av Kværner-besøket vil Kronprinsen framføra ei jubileumshelsing til forsamlinga.

– Me har hatt eit hendingsrikt jubileumsår så langt, med ei rekkje arrangement internt og eksternt. Det at Kronprins Haakon no kjem på vitjing vert eit flott høgdepunkt i jubileet. Me set stor pris på at han i ein hektisk kvardag tek turen hit til oss, og gler oss til besøket, seier verftsdirektør Steinar Røgenes. 

Inviterer lokale barnehagar

Kronprinsen kjem til verftet fredag 23. august 2019 kl. 10.00. Då startar dagen ved velferdsbygget og det 112 kvadratmeter store veggmaleriet som er oppført i høve jubileet. Dette vil vera ope for publikum. Her vil også lokale barnehagar bli invitert for å møta Kronprinsen.

Kronprinsen skal deretter innom Kværner sitt industrimuseum, kor han vil møta 96 år gamle Leif Nilsen og dei andre pensjonistane som har bygd opp og driftar industrimuseet.

Ferda går deretter inn på verftsområdet, via den gamle tunnelen kor det er hengt opp ei fotoutstilling i høve jubileet. Inne på verftsområdet vil Kronprinsen få høve til å ta nærare i augesyn strukturar til dei ulike prosjekta. Han vil også få sjå det store oppussingsarbeidet på Njord på nært hald, og høve til å møta prosjektmedarbeidarar og lærlingar.

Kl. 11.30 skal Kronprinsen etter planen ta del i programmet for ein felles grillfest for alle prosjekta, som Equinor og Kværner inviterer til.

Programmet vert avrunda i styrerommet, kor Kronprinsen vil møta leiing og tillitsvalde i Kværner, og få informasjon om teknologi- og kompetanseutvikling i industrien, og korleis Kværner ser på framtida. I tillegg til verftsdirektør Steinar Røgenes, vil også konsernsjef Karl-Petter Løken og konserndirektør Elly Bjerknes ta del i besøket frå Kværner si side. Frå kunden Equinor vil konserndirektør Anders Opedal vera til stades.

28 år sidan sist kongelege besøk

Kronprins Haakon har vore på verftet ein gong tidlegare, då han som 17-åring vitja verftet saman med Dronning Sonja under signingsferda.

23. mai 1969 var Kronprinsesse Sonja og Kronprins Harald på verftet, då Kronprinsesse Sonja var gudmor under dåpen av Hilmar Reksten sin turbintankar «Kong Haakon VII».

Kong Olav og Prinsesse Astrid var på verftet 27. juni 1958, i tilknyting til at Prinsesse Astrid var gudmor for redningskryssaren «Haakon VII».

7. juli 1948 kom Kong Haakon, Kronprinsesse Märtha, Prinsesse Ragnhild, Prinsesse Astrid og Prins Harald på besøk med berre to timars varsel, då dei var i nærleiken og ønskte å sjå nærare på sildoljefabrikken og skipsverftet.

Akkreditering

Media som ønskjer å dekke Kronprinsen sitt besøk må søkja om akkreditering elektronisk til Fylkesmannen i Vestland ved Edvard Høgestøl på epost: fmhoeho@fylkesmannen.no innan 21. august 2019 klokka 15.00.

 

09.08.2019

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook