Hopp til hovedinnhold

Dronning Sonja opnar Kråkestien på Lofthus

Hennar Majestet Dronning Sonja opnar Kråkestien på Lofthus i Ullensvang kommune laurdag 5. juni 2021.

Pressemelding frå ordførar:

Hennar Majestet Dronning Sonja har takka ja til offisielt å opne Kråkestien på Lofthus i Ullensvang kommune laurdag 5. juni 2021 kl. 11.00.

Opphaveleg var det planlagt offisiell opning allereie i juni 2020 med Dronning Sonja til stades. Opninga vart så utsett til oktober i fjor, men igjen vart opninga utsett. Ved begge høve var det sjølvsagt smittesituasjonen som var årsaka til utsetjingane.

Nå håper vi at opninga kan late seg gjennomføre under den aktuelle smittesituasjonen og dei gjeldande smitteverntiltaka. Vi ønskjer Dronning Sonja hjarteleg velkomen til Ullensvang og ser fram til at Kråkestien omsider kan få si offisielle opning, seier ordførar Roald Aga-Haug i Ullensvang.

Ullensvang kommune, 21.05.2021
Roald Aga-Haug
ordførar

 

21.05.2021

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook