Hopp til hovedinnhold

Presseinvitasjon: Opninga av Kråkestien

Hennar Majestet Dronning Sonja skal opne «Kråkestien» i Ullensvang kommune laurdag 5. juni kl. 11.00. Frist for akkreditering fredag 4. juni kl. 11.00.

Arrangementet er den tredje offisielle opninga i samband med «Dronningsti-løypa».

Opninga skulle eigentleg vore for eit år sidan, men covid-19 satte ein stoppar for arrangementet. No vert det ei markering med avgrensa tal på gjester.

For pressa

Arrangementet går føre seg ved nedste del av Kråkestien kl. 11.00 den 5. juni.

Akkreditert presse får tilsendt presseprogram og meir detaljert informasjon.

Frist for akkreditering er 4. juni kl. 11.00.

Påmelding

Presse som vil delta, kan melding til:

Edvard Høgestøl, Statsforvaltaren i Vestland
[email protected]
+47 913 83 573

 

31.05.2021

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook