Hopp til hovedinnhold

Kongefamilien på 17. mai 2022

Kongefamilien vil i år markere nasjonaldagen på tradisjonell måte.

Kronprinsfamilien tek imot og helsar barnetoget i Asker frå trappa på Skaugum. Toget kjem til Skaugum klokka 08.15.

Seinare på dagen helsar Kongeparet og Kronprinsfamilien barnetoget i Oslo frå Slottsbalkongen på Det kongelege slottet. Kongefamilien kjem ut på Slottsbalkongen klokka 10.30 på føremiddagen.

Etter barnetoget er det privat lunsj for Den kongelege familien på Slottet.

Pressen

Presse som ønskjer å dekkje barnetoget på Skaugum, må vise fram gyldig pressekort ved låveporten på Skaugum. Det er ikkje høve for media til å parkere på Skaugum. Pressa slepp inn frå klokka 07.00.

Det er sett av eit område framfor Det kongelege slottet for presse som skal dekkje barnetoget når det passerer Slottet. Pressa må vise fram gyldig pressekort ved passasjepunkta inn til området framfor Det kongelege slottet.

Pressekontakter:

  • Assisterande kommunikasjonssjef Sven Gj. Gjeruldsen, mobil 90 82 68 49
  • Kommunikasjonsrådgjevar Sara Svanemyr, mobil 952 58 040

 

12.05.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook