Hopp til hovedinnhold

Dronninga til Fjærland - med program

Hennar Majestet Dronninga, vil vera til stade ved markeringa av 30-årsjubileet til Norsk Bremuseum i Fjærland, søndag 22. mai 2022 klokka 16.00.

Pressemelding frå arrangør

Vi er svært takksame for at Hennar Majestet Dronning Sonja har takka ja til å delta på feiringa, og vonar at også mange andre vil ta turen til Fjærland og Bremuseet denne dagen!

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ei privat stifting oppretta av Norsk Polarinstitutt, NVE, UiO, UiB, Høgskulen på Vestlandet, DNT og International Glaciological Society. Museet er eit offentleg godkjend besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark.

Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske - gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Med vårt særlege fokus på klima, er Bremuseet meir aktuelt en nokon gong.

Bremuseet har hatt kontinuerlege fokus på formidling og fornying, og i 2020 fekk vi til opninga klar ein ny panoramafilm. Dette er ei storsatsing i verdsklasse til nesten 11 millionar kroner, og syner fram nasjonalparken og breane på ein spektakulær måte. Filmen er produsert av Falkeblikk AS i Sogndal, og filmutstyret vart spesialdesigna for oppdraget. Norsk Bremuseum kan by på Europas største saumlause panoramalerret - 21 meter langt og 4,2 meter høgt. Tilbakemeldingane er overveldande positive, og mange vert rørt til tårer av filmen.

Det var 31. mai 1991 Dronninga, som óg er æresmedlem ved Norsk Bremuseum, stod for den offisielle opninga av museet. I dei 30 åra som har gått sidan opninga, kan senteret seiast å være ein av Noregs største museumssuksessar, og nærare 2 millionar gjester har vitja museet.

Covid-situasjonen har dessverre sett ein stoppar for større arrangement i to år. Men no er endeleg tida inne for Bremuseet til å markere 30-årsjubileum og visning av ny panoramafilm i Fjærland 22. mai. Meir detaljert program er vedlagt.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekke besøket til Dronninga må søke om akkreditering elektronisk til Statsforvaltaren i Vestland ved Edvard Høgestøl på e-post: [email protected] eller 913 83 573 innan fredag 20.05.2022 klokka 14.00. Presseprogram vil bli sendt akkrediterte journalistar.

Program 

Del 1 ved inngangen til Bremuseet:

  • 16.00: Ankomst H.M. Dronninga til Norsk Bremuseum. Ho blir teken i mot av fungerande statsforvalter i Vestland, orførar i Sogndal, politimeister i Vestland, styreleiar Atle Nesje og direktør Anne Mundal Skjelten.
  • Blomsterutdeling ved Knut Juklestad Mundal, 5 år, frå Fjærland.
  • Fyljet går over plenen til arrangement del 2

 

Del 2 ute framfor museet:
Her er det mogelegheit for alle som vil å fylje med på programmet.

  • Velkommen, ved styreleiar Atle Nesje
  • Ordstyrar, direktør Anne Mundal Skjelten
  • Song, ved Fjærland barne- og ungdomskor
  • Historien om Bremuseet, ved Olav Orheim
  • Diktlesing, ved Eivind Ødegård
  • Helsing til Bremuseet, ved ordfører Arnstein Menes
  • Helsing til Bremuseet, ved statssekretær i Miljødepartementet Alexander Øren Heen
  • Helsing til Bremuseet, ved Siri Hatlen styremedlem DNT
  • Helsing til Bremuseet, ved Svein Stølen rektor UIO
  • Song, ved Fjærland kammerkor
  • Inviterte gjester og akkreditert presse forflyttar seg inn i kinosalen

 

Del 3 i kinosalen:

  • Ankomst H.M. Dronninga med fylje når alle er på plass i salen.
  • Ordstyrar, direktør Anne Mundal Skjelten
  • Samtale leia av Stian Sjuresen Takle med Falkeblikk (Tore F. Lie), tidlegare direktør John Brekke,Thorsengruppen (Fredrik Sæterdal) og Veri film (Knut Hendrik Lajord), om filmprosessen
  • Visning av «behind the scenes film»
  • Visning av ny panoramafilm
  • Takk for frammøtet, ved styreleiar Atle Nesje
  • 18.00: H.M. Dronninga tek farvel med Bremuseet

Alle inviterte gjester som ynskjer det, kan få med seg eit historiehefte ved utgangen.

Kake og mingling på museet, og mogelegheit til å sjå resten av museet etter det offisielle programmet.

Fri adgang og kake for alle besøkende til museet etter del 2 ute.

18.05.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Relaterte lenker