Hopp til hovedinnhold

Kongeparets fylkestur i Møre og Romsdal – Presseinvitasjon

Presse som ønskjer å dekke Deira Majestetar Kongen og Dronningas fylkestur i Møre og Romsdal 30. august  1. september 2022 må søke om akkreditering til Statsforvaltaren innan onsdag 24. august kl. 16.00.

Presseinvitasjon frå Statforvaltaren i Møre og Romsdal:

Kongeparet besøker Fjord, Sykkylven, Vanylven, Sande og Hareid kommunar på reisa si.

  • Fjord kommune  tysdag 30. august (kl. 10.30)

Fylkesturen startar i Fjord kommune. Her vert det folkefest på det nye Syltetorget i jordbærbygda Valldal.

  • Sykkylven kommune  tysdag 30. august (kl. 16.00)

Neste stopp er møbelbygda Sykkylven og festplassen ved kyrkja i sentrum.

  • Vanylven kommune – onsdag 31. august (kl. 10.30)

I Åheim møter innbyggjarane Kongeparet på kunstgressbanen ved Olivinhallen. Dei besøker også Sankt Jetmund kyrkja – ei lita langkyrkje i stein frå rundt 1150.

  • Sande kommune  onsdag 31. august (kl. 16.00)

I Sande får Kongeparet og folket oppleve kulturinnslag ved Rådhuset. Dei får mellom anna sjå eit spesialutdrag av det lokalhistoriske Arthur-spelet.

Om kvelden kl. 19.30 inviterer kommunen Kongeparet til middagsshowet "Feel Royal" på landsbyhuset Breidablikk.

  • Hareid kommune  torsdag 1. september (kl. 10.00)

På den siste dagen av fylkesbesøket kjem Kongeparet til Hareid. Her samlar folket seg i sentrum. Det er lange fangsttradisjonar i Hareid, og ein tur til Ishavsmuseet er difor på sin plass.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.

Endeleg program nærare besøket

Dette var litt frå programmet så langt. Fullstendig program vil bli lagt ut nærare besøket. Akkreditert presse vil få eige presseprogram der oppmøtetidspunkt for pressa er lagt inn.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekke besøket, må søke om akkreditering til Statsforvaltaren på dette skjemaet innan onsdag 24. august kl. 16.00.

 

23.06.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Relaterte lenker