Hopp til hovedinnhold

50 år sidan UiT opna – feirar med festframsyning og kongeleg besøk

Velkommen til «UiT – 50 år under arktisk himmel – en festforestilling» i Tromsø domkyrkje, torsdag 1. september klokka 18.00.

Pressemelding fra arrangør

1. september 2022 er det nøyaktig 50 år sidan kong Olav V opna det som den gong heit Universitetet i Tromsø. 420 studentar starta utdanninga si i Tromsø den hausten. No er UiT Noregs arktiske universitet eit nasjonalt breiddeuniversitet med 11 campus og over 17 000 studentar. Universitetet utdannar morgondagens legar, lærarar, musikarar, romforskarar, juristar, paramedisinarar, geologar, litteraturvitarar, ingeniørar og mykje, mykje meir.

UiT markerer denne fantastiske utviklinga og jubileet med ein festforestilling i Tromsø. H.K.H. Kronprins Haakon vil vera til stades ved framsyninga.

– Me er æra over at kronprinsen vil følgje i fotspora til bestefaren sin, og stå for den høgtidelege markeringa – på same stad kor opninga fann stad 50 år tidlegare: Tromsø domkyrkje, seier rektor Dag Rune Olsen.

Det er Kvääniteatteri (Kventeateret) som har regien på framsyninga, der òg bandet Hollow Hearts, Frida Lydia Virtanen frå Musikkonservatoriet og Inna Marja Amundsen  bidreg. Framsyninga er gratis og open for alle.

– Me er glade for at me kan invitere alle som vil til førestillinga – universitetet tilhøyrar jo oss alle, seier Olsen.

Interesserte publikummarar må melde seg her, og det er førstemann til mølla: https://uit.no/tavla

Akkreditering:

Pressa akkreditere seg hjå Statsforvaltaren ved kommunikasjonssjef Kristine Østvold. Send e-post til [email protected] seinast måndag 29.08. klokka 1200.

Les meir om UiT si historie her.

15.08.2022

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook