Hopp til hovedinnhold

Abelprisutdeling og regjeringsbankett for prisvinnaren

Den Høgvørde Kronprins Haakon overrekker Abelprisen i Oslo 21. mai til den franske matematikaren Michel Talagrand. Han var i ei årrekke tilknytta Centre national de la recherche scientifique (CNRS) i Paris.

Presseinvitasjon fra Kunnskapsdepartementet:

Talagrand får prisen på 7,5 millionar kroner for banebrytande bidrag til sannsynsteori og funksjonalanalyse.

Arbeidet til Talagrand har gitt meir kunnskap om den matematiske teorien knytt til tilfeldige fenomen som vi er omgitt av, slik som vêrprognosar og store språkmodellar.

Prisutdeling:

Universitetets Aula, Oslo

Tid: 21. mai 2024, kl. 14:00. Gjestane må vere på plass seinast kl. 13:30.

Spørsmål om intervju av prisvinnaren, samt påmelding for fotografar til Universitetets aula, kan rettast til Unni Irmelin Kvam, [email protected], 95 17 26 72.

Regjeringsbankett:

Akershus slott

Tid: 21. mai 2024 kl. 19:00. Høve til foto av Abelprisvinnaren frå kl. 18:15. Gjestane kjem til banketten mellom kl 18:15 og kl 18:45.

Påmelding for pressa/fotografar til Akershus slott i samband med Abelprisbanketten til kommunikasjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Anders Lundell ([email protected], 90049636).

 

16.05.2024

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook