Hopp til hovedinnhold

Moster 2024 inviterer til folkefest på Moster for å feire Kristenretten sine 1000 år

I år er det 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten i Noreg, og onsdag 29. mai til søndag 2. juni blir denne hendinga feira gjennom eit stort og mangfaldig jubileumsprogram på Moster der det heile skjedde i 1024.

Pressemelding fra arrangør:

Kronprinsparet til Moster 1. juni
DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit til være til stades under feiringa 1. juni. Kronprinsparet kjem med KS Norge til Mosterhamn og vil signere Tingsteinen ved Moster Amfi før dei er til stades under jubileumsførestillinga. H.K.H. Kronprins Haakon vil her også tale. Kronprinsparet deltek også på jubileumsmiddagen seinare den dagen.

Det vil bli lagt til rette for at pressa kan følgje Kronprinsparet sitt besøk. Presse som ønskjer å dekke dette må bli akkreditert.

Akkrediteringa skjer til Edvard Høgestøl hos Statsforvaltaren i Vestland, [email protected] eller +47 913 83 573.
Akkreditert presse vil få tilsendt presseprogram i forkant.
Frist for akkreditering er onsdag 29. mai kl. 12.00

Statsminister og Stortingspresidenten til Moster
I tillegg til Kronprinsparet vil også den øvste politiske leiinga i Noreg, Statsminister Jonas Gahr Store og Stortingspresident Masud Gharahkhani, til stades laurdag 1. juni. Statsminister Jonas Gahr Støre vil stå for opninga av den nye Vetahaugen. Her kan alle som vil delta for å feira den offisielle opninga av den nye turløypas og utsiktspunktet ved Krossen over Moster amfi. Statsministeren og Stortingspresidenten vil og tala i det offisielle programmet i Moster amfi, og Stortingspresidenten skal delta i Verdisamtalen: Har vi eit samfunn som ivaretar mangfaldet? i Verditeltet, laurdag 1. juni kl. 13:00.

«Feirar fortid – formar framtid»
Under jubileumsfeiringa inviterer Moster 2024 til folkefest med ei rekkje konsertar og arrangement i Moster amfi, i tillegg til at det blir liv og røre i heile Moster.

Til Moster amfi kjem KORK, Krinkastingsorkesteret, som har konsert saman med Ingebjørg Bratland, og framfører Mostrasuite, som tar utgangspunkt i symfonimusikken til spelet «Kristkongane på Moster» skrive av Johannes Heggland og komponert av Kjell Habbestad. Verket blir framført saman med nasjonale songarar og skodespelarar.

I Moster amfi vil det og bli høve til å få med seg festkonsert med Jarle Bernhoft, William og Emma, konserten Himmelske tonar i 1000 år der blant anna Hanne Krogh og Inger Lise Rypdal er med, og det blir festkonsert med Marte Wang og Bømlo Ten Sing, og direktesendt økumenisk gudsteneste på NRK søndag, pluss mykje anna.

Opninga av Nye Vetahaugen:
Statsminister Jonas Gahr Støre kjem på besøk og vil blant anna opna den nye Vetahaugen, ei ny turløype og utsiktspunkt ved Krossen over Moster amfi. Statsministeren vil og tala i det offisielle programmet i Moster amfi.

Den store verdisamtalen:
Kva samfunn vil me ha og kva verdiar skal me legga til grunn for å skapa eit godt liv for alle som bur i landet vårt? Desse spørsmåla er sentrale under markeringa av 1000- års jubileet gjennom ei rekkje ulike verdisamtalar der publikum blir invitert med.

I samtalen Frå vold til lov laurdag 1. juni er den internasjonalt kjende varslaren Katarina Gun invitert til ein samtale om rettssamfunnet, overvaking og varsling. Den kinesiske tolken Gun blei kjend over natta då ho avslørte USA si overvaking av FN sitt Sikkerhetsråd før angrepet på Irak i 2003.

Ei viktig satsing er Ungdommens Mostrating, der jubileet samlar representantar frå dei norske fylkeskommunane sine Fylkesting og Fylkesutval for ungdom på Moster for å delta i eit nytt Mostrating. Her vil ungdommane sine viktigaste saker bli presentert for Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, søndag 2. juni, fylkesordførarar Jon Askeland og stortingstingsrepresentantane Odd Harald Hovland og Liv Kari Eskeland.

Tre store verdisamtalar: Verdiar i lokaldemokratiet, Verdiar i næringslivet, Verdiar i vår kulturarv, står i sentrum for feiringa, og vil bli supplert av ei rekkje mindre meir intime fag- og verdisamtalar om tema som berekraft, krig og fred, verdiar i grunnloven, historiske refleksjonar m.m., i «Kyrkjeveggen» ved Moster gamle kyrkje, og i Litleamfiet ved sidan av Moster amfi. Alle verdisamtalane er gratis.

Jubileumsveka junior:
Med jubileumsveka junior ønskjer Moster 2024 å utvida festen med ei rekkje aktivitetar for barn og unge. Juniorprogrammet rommer alt frå vikinglansby, vandreteater, minikonsertar og danseførestillingar. Det vil bli mogleg å få omvisning på skipa som ligg til kai, løyse rebusar og delta i konkurransar, skrive berv til kongen, samt mykje anna.

Gjester på Moster
Til å delta i dei ulike tilskipingane og verdi- og fagsamtalane kjem i tillegg til representantar frå Kongehuset og regjeringa, ei rekkje både internasjonale og nasjonale gjester frå ulike deler av samfunnet som: Stortingspresident Masud Gharahkhani, Erkebiskopen av York, Stephen Cottrell, Barne- og familieminister Kjersti Toppe, Sametingspresident Silje Karine Muotka, ass. statsforvaltar Gunnar O. Hæreid, fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, programansvarleg ved Arkivet i Kristiansand, Birgit Amalie Nilssen, samfunnsdebattant Andrew Kroglund, rettshistorikarar Jørn Øyrehagen-Sunde, teolog Eivor Oftestad, tidlegare og noverande biskopar som Halvord Nordhaug og Ragnhild Jepsen, Preses Olav Fykse Tveit, leiar av det Samiske kyrkjerådet, Mai Bente Jønsson, sentrale norske industrileiarar; Tove Ormevik og Kjetil Kristansen, Aker Solutions, og Hans-Petter Nesse, Wärtsilä, forfattar Bjørn Sortland, med mange fleire.

Pressa er velkommen:
Pressa er invitert til å delta på alle dei ulike programpostane ila jubileumsfeiringa. For inngang til dei ulike arrangementa i Moster amfi ta kontakt med [email protected]

Kontaktpersonar
For presse:
Jane Jünger Tlf. +47 41255893 E-post: [email protected]
For praktiske spørsmål:
Dagleg leiar Elsa Aanensen Tlf. +47 90902326 E-post: [email protected]
Prosjektkoordinator Vilde Lundal Santell Tlf. +47 46697709 E-post: [email protected]

23.05.2024

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook