H.M. Dronninga til Astruptunet for nyopning
Den 22. juni klokka 12.00 nyopnar kunstnarheimen Astruptunet. Vi markerer at vi er i mål med å restaurere og attskape Nikolai Astrup sin heim nærast mogeleg slik det var då han levde der med familien. Hennar Majestet Dronning Sonja vil stå for den offisielle nyopninga.
Pressemelding fra arrangør:
Det vert kulturelle innslag og talar ved ordførar Jenny Følling og fylkesordførar Jon Askeland. Programmet er slutt innan klokka 13, men det vil vere vrimletid med ulike formidlingstilbod og omvisingar fram til klokka 16.15.
Det blir lagt til rette for at pressa kan følgje HM Dronninga sitt besøk. Presse som ønskjer å dekke opninga, må bli akkreditert. Frist: onsdag 19. juni klokka 12. Kontakt Edvard Høgestøl, seniorrådgjevar ved Statsforvaltaren i Vestland for akkreditering.
Akkreditert presse vil få tilrettelagt dekninga av nyopninga og Dronninga sitt besøk, og får tilsendt presseprogram i forkant. Vi gjer merksam på at tilkomstvegen til Astruptunet (Nikolai Astrups veg) vert stengt mellom 11.00 og 14.00, akkreditering trengs altså også for å køyre til Astruptunet. Publikum vert frakta i buss. Dette grunna avgrensa parkering og for å unngå trafikkaos langs den smale fylkesvegen.
Parkeringsplass ved inngangen, Nikolai Astrups veg 1135. Alternativ parkering 800 meter lenger vest. Astruptunet ligg i ei bratt helling, tilkomst til fots på smal grusveg.
Stort prosjekt i mål
Prosjektet «Restaurering av Astruptunet og hagen» er eit fireårig prosjekt med ei økonomisk ramme på 46 millionar kroner. Sparebankstiftinga DNB, som også eig ei stor samling Astrup-kunst, står bak hovuddelen av finansieringa, men også Sunnfjord Kommune har bidratt med midlar.
Det er Sunnfjord kommune som eig Astruptunet og har vore prosjekteigar. Det har vore ein ambisjon om særs høg kvalitet på restaureringsarbeidet for både hus og hage. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, Kode i Bergen og Musea i Sogn og Fjordane.
Kraftsamling av fagfolk
Ei prosjektgruppe leia av Lars-Henrik Milert i T-2 Prosjekt AS har stått for gjennomføringa. Med seg har han hatt Arkadia landskap med Ingeborg Mellgren Mathiesen, som heilt tilbake i 2016 leverte ein forskingsrapport om Astruptunet.
Slåtten grind og laft med Erlend Slåtten har stått for restaureringa av bygga. Sandal parkdrift har jobba med landskapet, frå drenering til muring og å legge torvgardar. Sunnfjord kommune har også vore involvert og bidratt mellom anna med eigen gartnar, rådgjevarar og lokale tusenkunstnarar. Ikkje minst har frivillige stilt opp på fleire dugnadar.
Bygningane sikra for mange år
Dei fleste bygga i Astruptunet har blitt løfta, Bestastova bokstaveleg talt. Den vart flytta av ein kranbil for å bygge opp mur, pipe og gjere grunnarbeidet på nytt. Drenering og grunnarbeid har vore ein viktig del av arbeidet i heile anlegget. Spesielt hovudhuset Borgen hadde problem med fuktinntrenging i kaféen i kjellaren, som no er stoppa. Store bygningsmessige utbetringar er dessutan gjort på bygget, mest synleg for publikum er det nye kafétilbodet. Gamlestova og Kjøkkenstova er også restaurert, mellom anna har det blitt lagt nye torvtak. Ein gamal jordkjellar har blitt opna opp. Det er sett opp utedo – med slipestein på hjørnet.
Hagen har gjenoppstått
Astruptunet ligg svært bratt til på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup ønskte å dyrke eit stort mangfald av planter til både mat, drikke og motiv for kunsten. For å lykkast med det, bygde han mellom anna opp terrassar i landskapet. I prosjektet har ein bygd opp att murar og torvgardar, slik at skråninga er delt opp i dyrkbare terrassar slik dei var då Astrup dreiv. Så har ein jobba med å attskape mykje av det store planetmangfaldet. Mellom anna er det no planta mange historiske bær- og fruktsortar, basert på podekvistar frå Astruptunet, men også nærmiljøet og Njøs Frukt og Bærsenter.
Grundig kjeldearbeid
Det har vore eit enormt puslespel å legge kunnskapsbrikkene for arbeidet, og kjeldene er mange. Ei viktig kjelde er breva til Astrup, som er transkriberte og elektronisk søkbare. Notatbøkene, og spesielt bestillingslista han sende til Sandveds planteskole, har vore viktig. Her bestilte han over 2000 ulike planter til garden sin. Gamle foto og Astrup sin eigen biletkunst av Sandalsstrand har også vore viktig. Ikkje minst har samtaler med etterkommarar også gitt viktig fakta.
Takksemd og optimisme
Vi i Musea i Sogn og Fjordane er svært takksame for at denne diamanten er slipt opp. Tusen takk til alle gode krefter som har bidratt. Vi styrkar innsatsen med å løyse oppdraget vårt som formidlar av Nikolai Astrup sin kunst og liv, ved å opprette ei ny stilling som museumspedagog for Astruptunet. Med dette bakteppet går vi inn i framtida med stor optimisme med tanke på å løfte fram historia og ideane til ein av våre store kunstnarar og personlegdomar.
Spørsmål om arrangementet, Astruptunet eller Nikolai Astrup?
Kontakt:
- Tor Martin Leknes, avdelingsdirektør for kunst i Musea i Sogn og Fjordane, 466 93 897
- Jan Heggheim, administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane, 905 66 623
- Solveig Berg Lofnes, museumsleiar Astruptunet, 992 02 676
- Jenny Følling ordførar i Sunnfjord kommune, 479 05 990
Spørsmål om Dronninga sitt besøk og presse?
- Kontakt: Edvard Høgestøl, 913 83 573