Hans Majestet Kongens Garde
Hans Majestet Kongens Garde er Kongehuset si militære livvakt. Garden skal sørgje for Kongefamiliens tryggleik i fred, krise og krig.
"Det kongelige norske Gardeskarpskytterkompagni" vart oppretta 1. november 1856 for å bidra til vakthaldet rundt Kong Oscar I i Stockholm. Mot slutten av unionstida vart Garden overført til Kristiania, og Kongens Garde har stått vakt ved Det kongelege slottet og andre kongelege residensar sidan 1888. Garden står vakt 24 timar i døgnet, 365 dagar i året.
Kongens Garde har i dag fast vaktteneste ved Det kongelege slottet, Skaugum Hovedgård, Bygdø Kongsgård når den er i bruk, Akershus festning og Huseby leir.
Kong Harald inspiserer Garden i leiren deira på Huseby. Foto: Scanpix
Vakttenesta ved Slottet og Akershus festning blir utført i Gardens karakteristiske paradeuniform og med stor vekt på den seremonielle delen.
Vakthaldet blir utført i nært samarbeid med Politiet og Kongehusets livvaktteneste, Den kongelege politieskorte.
Vaktskifte
Hovudavløysinga mellom avtroppande og påtroppande vaktstyrke skjer normalt kvar dag klokka 13.30. Om sommaren blir det nokre gonger gjennomført konsert eller drilloppvisning i forlenging av hovudavløysinga. Når dette skjer, blir det normalt kunngjort i terminlista på Gardens eigen nettstad.
Garden held oppvisningar på Slottsplassen om sommaren, til glede for turistar og fastbuande. Foto: Thomas Kristiansen, Det kongelege hoffet
Vaktparadar
Om sommaren blir det gjennomført eigne vaktparadar. Vaktparaden består av påtroppande og avtroppande vaktstyrke ved Det kongelege slottet, leidd av korps frå Forsvarets musikk.
Paraden startar på Akershus festning klokka 13.10 med ridande politi i front. Ruta som blir følgd, går frå festningsplassen, via Kirkegata bort til Karl Johan og opp til Slottet. Paraden kjem til Slottsplassen klokka 13.30 for deretter å gjennomføre hovudavløysinga.
Når dette skjer, blir det kunngjort på Gardens eigen nettstad.