Hopp til hovedinnhold

Dronningas beskyttarskap

Ordninga med beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet. Normalt blir det innvilga beskyttarskap for ein periode på fem år.

Hennes Majestet Dronning Sonja har desse faste beskyttarskapa:

  • FolkOrg
    FolkOrg arbeider for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.
    Folkorg.no/

  • Fortidsminneforeningen
    Fortidsminneforeininga har som formål å arbeide for bevaring av vårt lands verneverdige kulturminne, samt å skape allmenn forståing for verdien av desse.
    Fortidsminneforeningen.no/

  • Norges Vel
    Norges Vel arbeider for å skape ein framtidsretta og berekraftig matsektor - i Norge og internasjonalt.
    Norgesvel.no/

  • Det Norske Hageselskap
    Det Norske Hageselskap arbeider for å fremme hageglede og formidle kunnskap om berekraftig hagekultur, naturmangfald og grøne omgjevnader sin positive effekt på helsa.
    Hageselskapet.no/

  • Det Norske Institutt i Roma
    Det Norske Institutt i Roma er eit senter for forsking, undervisning og formidling innanfor  arkeologi, kunst- og kulturhistorie relatert til Italia og middelhavsområda.
    hf.uio.no/dnir/

  • Det Norske Institutt i Athen
    Instituttet er via undervisning, forsking og formidling av vitskapelege resultat relatert til humaniora og samfunnsvitskap, spesielt kulturarv, historie og arkeologi i Hellas.
    ib.no/nia

  • Den Norske Opera & Ballett
    Den Norske Opera & Ballett er landets største musikk- og scenekunstinstitusjon, og skal presentere opera, ballett og konsertar av høgste kunstnariske kvalitet.
    Operaen.no/

  • Festspillene i Elverum
    Festspillene i Elverum er ein klassisk musikkfestival i Elverum og omland som legg vekt på å presentere unge, talentfulle og lovande kunstnarar.
    fie.no/

  • MiRA-senteret
    MIRA er eit ressurssenter og møteplass for samfunnsengasjerte jenter og kvinner med minoritetsbakgrunn.
    Mirasenteret.no/

  • Norges Husflidslag
    Norges Husflidslag formidlar tradisjonshandverk, handlingsboren kunnskap og skaparglede.
    Husflid.no/

  • Noregs Museumsforbund
    Forbundet er interesseorganisasjonen for museumspolitisk arbeid og fagleg utvikling.
    Museumsforbundet.no/

  • Oslo-Filharmonien
    Oslo-filharmonien er eit internasjonalt anerkjent symfoniorkester.  
    ofo.no/

  • Oslo Kammermusikkfestival
    Oslo Kammermusikkfestival presenterer musikk med spenn frå mellomalderen til vår eigen tid, med utøvarar av ypparste klasse frå både inn- og utland.
    Oslokammermusikkfestival.no/

  • Stiftelsen Sølvguttene
    Koret vart stifta i 1940 og er ein institusjon i norsk musikkliv. Koret har ein omfattande og variert nasjonal og internasjonal konsertportefølje.
    Solvguttene.no/

  • Stiftinga Raudekrossen Nordisk United World College
    UWC er ein utdanningsbevegelse som samlar ungdom frå heile verden på egne vidaregåande skoler i en lang rekke land, og fremmer fred og berekraftig utvikling gjennom å skape møtestader for utveksling, læring og refleksjon på tvers av landegrenser.
    uwc.no/

  • UNOF De Unges Orkesterforbund
    UNOF er ein landsomfattande organisasjon for barne- og ungdomsorkester i Norge.
    Orkester.no/unof/

 

24.09.2021

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook