St. Olavsmedaljen
St. Olavsmedaljen vart stifta av Kong Haakon VII 17. mars 1939. Han blir delt ut "til belønning av fortjenester ved utbredelse av kjennskap til Norge og fremme av forbindelsen mellom det utflyttede Norge og hjemlandet".
St. Olavsmedaljen kan tildelast både nordmenn og utlendingar
Utforming
Medaljen blir delt ut i sølv med krone. Han har regjerande monarks portrett med namn og valspråk på framsida og Olavskorset på baksida. Regjerande monarks monogram er plassert over medaljen.
Korleis medaljen skal berast
Medaljen skal berast på venstre side av brystet i same band som for St. Olavs Orden.
Utskiljing av St. Olavsmedaljen med eikegrein
St. Olavsmedaljen med eikegrein vart tidlegare delt ut av Kongen for krigsinnsats. H.M. Kong Harald V bestemte å skilje ut St. Olavsmedaljen med eikegrein og stille han til rådvelde for regjeringa i tilknyting til ei heilskapleg nyordning av forsvarsrelaterte dekorasjonar.
Ved Kongeleg resolusjon av 10. desember 2010 vart det bestemt at St. Olavsmedaljen med eikegrein kan tildelast for krigsinnsats og for innsats i væpna konflikt som Noreg er eller blir engasjert i.
St. Olavsmedaljen med eikegrein blir delt ut av Kongen i statsråd etter innstilling frå Forsvarsdepartementet.
Søknad
For utforming av søknad om St. Olavsmedaljen, sjå lenkja til høgre.