Hopp til hovedinnhold

Kongekrona

Ordet ”krone” stammar frå det latinske ordet for krans - corona. Krona har vore nytta som symbol på makt og verdigheit i fleire tusen år og kom til Europa frå Orienten.

Den norske kongekrona vart laga av den svenske gullsmeden Olof Wihlborg. Ho vart bestilt og betalt av Kong Karl Johan til kroninga hans i 1818. Fire kongar er krona med denne krona, og ho har vore ein del av seremonien ved enda to signingar.

Når ein monark er død, blir krona plassert på kista.

Utforming

Krona er ei bøylekrone. Åtte gullbøylar går frå kronringen og blir samla i midten under ein globe i blå emalje med gullstjerner og band av perler. Øvst ein kross av seks ametystar. Fire av bøylane er flate og forma som eikeblad. Dei andre fire er gjennombrotne og forma som laurbærblad.

Midt på framsida er det ein stor, grøn turmalin, som skal ha vore ei gåve til kongen frå den brasilianske konsulen i Stockholm.

Den purpurraude fløyelspullen er dekorert med små kroner og 50 perler.

Materiale

Krona er laga av 20 karat gull, perler og ulike edelsteinar: ametyst, granat, opal, peridot, krysopras, topas, turmalin, safir og smaragd.

Høgd: 24,5 cm
Diameter: 18,5 cm
Vekt: 1500 g.
 

23.11.2021

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook